Steinkross
Forutan kvernstein var ulike typar steinkors eit produkt som vart laga i Hyllestad langt tilbake i tid. Vakre steinkors er kjende landemerker langs skipsleia på Vestlandet. Mange av desse er nettopp laga i Hyllestad. Ikkje så rart kanskje! Den som kan hogge ein funksjonell kvernstein, kan og hogge eit kors. Sommaren 2008 avdekka arkeologen Irene Baug ein produksjonsstad for steinkors i Hyllestad. I eit skogholt nokre steinkast frå Kvernsteinsparken fann ho 7 øydelagde kors innafor eit lite, avgrensa område. Tidlegare er det funne ein bit av eit kors på Rønneseth, eit bevis for at også der var det krossproduksjon.
Åfjordstein kan levere kors i ulike storleikar og til ulikt formål. Gjerne modellar og etterligningar av dei historiske korsa. Frå små bordmodellar til større steinkors for eksempel til gravminne. Ta gjerne kontakt for meir informasjon!

