Då den siste kvernsteinen vart høgd tidleg i 1930-åra, visste ikkje folk i Hyllestad at produksjonen her var meir enn tusen år gamal. Gjennom ei arkeologisk gransking er det dokumentert at kvernsteinshogginga i alle høve går attende til 700-talet. Produksjonen nådde eit toppunkt i mellomalderen, og kvernstein til handkverner vart eksportert til omlag heile Nord- og Østersjøområdet. Åfjordsteinen var frå slutten av 900-talet og fram til ca. 1600 omlag einerådande som kvernstein i detgamle danske riket i Østersjøen.
Med sine 27 km2 utgjer kvernsteinsbrota i Hyllestad eit av dei største kulturminna i landet. Det er ein bergart med kyanittførande granatglimmerskifer som er grunnlaget for den omfattande kvernsteinsproduksjonen. Granatglimmerskiferen let seg og lett forme til andre produkt som steinkrossar, gravheller, ljoresteinar m.m. Det er dokumentert at meir enn halvparten av dei store steinkrossane langs Vestlandskysten, kjem frå Hyllestad.
For meir informasjon rundt historia:
kvernstein.no
millstone.no

