Vidarefører steinarven

Frå vikingtid og heilt fram til tidleg på 1900-talet vart det produsert kvernstein i Hyllestad. Den kommersielle drifta stoppa rundt 1930, men kunnskapen knytt til steindrifta vart ikkje gløymd. Åfjordstein er med på
vidareføringa av steinarven.


Kulturhistorie i praksis

Åfjordstein er ei verksemd i Hyllestad som spesialiserer seg på produksjon av eksklusive handlaga steinprodukt. Mange av produkta har røter tilbake til tida då Hyllestad var storprodusent av kvernstein.

På desse sidene vil du finne noko av det Åfjordstein kan tilby av unikt handtverk.
Om du ønskjer å leggje inn ei bestilling kan du gjere det via vårt kontaktskjema.

Ta elles gjerne kontakt på tlf 952 77 156.

Gå til kontaktskjema

 Produkt frå Åfjordstein